Author Archives: Kine Gjerstad Eide



Streamingtips!

Kine Gjerstad Eide
Journalist

28. november 2015
Filmer

Teen er innkjøpt, bordet er rydda, og om få dagar tek årets klimatoppmøtet til! Forhandlarar med mykje kunnskap, mykje pågangsmot og litt lite makt skal innta forhandlingslokala i Paris. Eg skal innta sofaen med laptop, headset og te. FNs klimaforhandlingar blir faktisk streama! Det betyr at du, eg og alle andre har moglegheit til å få med oss det som skjer når vår felles framtid blir forhandla om.

CIMG3630At ein kan følgje med på nettet er sjølvsagt noko eg har fortald vener og kjente! På denne måten sikrar eg for det første at alle kan innta eigne sofaar og suge til seg den viktige storhendinga, og for det andre at alle har forståing for kvifor eg blir vanskeligare enn vanleg å få tak i når desember tek til. Ein kunne jo elles tru det var eksamen som gjorde meg usosial.

Det er ikkje berre slik at det er forhandlarar som deltek på desse møta. I 2011 og 2012 var eg der. ”Du?” tenkjer du kanskje no, og ja, eg stilte opp på COP16 i Sør Afrika i 2011 og COP17 i Qatar i 2012. Der var eg som sivilsamfunnsrepresentant på vegne av ein ungdomsorganisasjon. ”Sivilsamfunns-kva-for-noko?” Ja, altså ein person som representerar oss som er sivile vanlege folk. Slik som du, venene dine, foreldra dine og så vidare, vi er ikkje militære og vi er heller ikkje bedrifter. Det er sivilsamfunnsrepresentantar frå heile verda til stades på slike forhandlingar. Dei har tilgang til delar av forhandlingane og mange tilstellingar som hender samstundes som COP-en finn stad.

”Kvifor i all verda?” vel, for å ta eit konkret døme, så var det i 2010 (stemmer, eg var ikkje med då, men det er lett å forklare) forhandlingar om eit forhandlingsspor som omfatta ungdomsdeltaking, utdanning og kapasitetsbygging. Forhandlarane kom ingen veg. Til slutt sat ungdomar frå sivilsamfunnet seg ned og skreiv eit konkret tekstleg forslag. Det blei levert inn og med små endringar blei det vedteke som del av FNs arbeid. Du finn det i dag som artikkel 6 under konvensjonen. ”Konvensjon?” ja, la oss ta nokre omgrep:

CIMG3967UNFCCC = ’United Nations Framework Convention on Climate Change’ altså ein FN konvensjon, som vart laga i 1992 der målet er å stabilisere klimagassar på eit nivå som hindrar farlege endringar i klimaet på jorda.

COP = ’Conference Of the Parties’ er ein årleg konferanse der partane, (altså nasjonane) møtes for å sjekke tilstanden på konvensjonen dei vart samde om i 1992. Det står ofte eit tal bak COP, dette viser berre kva nummer i rekkamøtet er. I år vil det stå COP21.
INDCs = ’Intended Nationally Determined Contributions’ er bidrag som kvar part (nasjon) har sendt inn i forkant av klimatoppmøtet. Bidraga består i hovudsak av to delar. For det første kor mykje dei sjølv ønskjer å redusere sine klimagassutslepp. For det andre korleis dei skal førebu seg på dei klimaendringane som allereie er starta.

I Paris i år er det altså den 21 konferansen mellom partane. Noreg sendte inn sine INDCs allereie den 28. mars i år. Det som er spannande i år er å sjå i kva grad bidraga som partane har meldt inn gjer om verda går mot 2 grader, slik som målet er. At eg sitt og streamar forhandlingar på fritida mi er kanskje ei litt sær interesse, men det er absolutt verd det! Ikkje berre får ein innsyn i kva som skjer, men ein har moglegheit til å påverke. Ettersom representantar frå sivilsamfunnet er tilstades, kan ein nå desse og gjere dei oppmerksam på kva som skjer i spesifikke forhandlingar dersom ein oppdagar noko som er feil eller rart. Deretter kan desse ta det opp med forhandlarar og sjekke ståa, eller ein kan informere journalistar eller liknande for å skape merksemd. Tenk på det medan du les til eksamen i byrjinga av desember, du kan samstundes vere med å forme framtida til verda litt! Start streaminga!



Kids Hack Day

Kine Gjerstad Eide
Journalist

19. november 2014
Kids Hack Day

Når nettene blir lange og kulda setjer inn, så arrangeres Kids Hack Day X-mas edition. Det blir ikkje jul utan noko som glittrar og blikar, og korleis kan ein vel betre lage noko slik enn å invitere rundt 25 born til å verkstad?

 

foto - Kine Gjerstad Eide

foto – Kine Gjerstad Eide

Den 14 desember er det difor planlagt å invitere ein haug med heldige born for å hacke, leike, mekke, bygge, lære, og ikkje minst ha det gøy med elektronikk! Det er konseptet Kids Hack Day som spreiar seg og som no har fått studentar ved ifi til å delta som teknisk ansvarlege ved arrangementer. Inspirert av hackeerbeveginga, samt eit ønske om å gje born kjennskap og kunnskap om teknologien som stadig tek opp større del av kvardagen vår er det allereie arrangert Kids Hack Day i meir enn 10 land i verda.

kids hack day 2

Mulegheitane står i kø for kva som går ann å få til i dag, men gjennom den vanlege skulekvardagen kjem ikkje born i kontakt med samfunnets teknologiske nyvinningar. Det er i større grad enn tidlegare rom for kreativitet og å utfordre seg sjølv, men teknologien manglar. Difor ynskjer vi å introdusere dette på ein morrosam, og inspirerande måte, slik at dei tidleare får starte eit liv som hacker! Tenk berre på kor mykje rart du sjølv fann opp og laga då du var liten og så forestill deg det same berre med motorar, sensorar, LEDs og mykje meir!

 

Den 11. oktober gjekk Kids Hack Day for første gong av stabelen i Oslo! Det blei ein stor suksess noko som betyr at det er tid for å gjere det enno betre! Det er to noverande og ein tidlegare ifi student hittil har stått for den tekniske biten av opplegget. Ikkje berre har det vore morro for borna, men studentane har og kosa seg med hacking, testing og leiking med diverse komponentar, slik som avstandsmålar, servoar, leds, MaKey MaKey, Arduino, og mykje meir. For det er jo klart at studentar må kunne dette ordentleg før borna går i gang.

kids hack day 3

Om du syns dette verkar kult, så finn du Kids Hack Day Oslo på facebook, det er berre å ta kontakt!