Category Archives: Kids Hack Day



Kids Hack Day

Kine Gjerstad Eide
Journalist

19. november 2014
Kids Hack Day

Når nettene blir lange og kulda setjer inn, så arrangeres Kids Hack Day X-mas edition. Det blir ikkje jul utan noko som glittrar og blikar, og korleis kan ein vel betre lage noko slik enn å invitere rundt 25 born til å verkstad?

 

foto - Kine Gjerstad Eide

foto – Kine Gjerstad Eide

Den 14 desember er det difor planlagt å invitere ein haug med heldige born for å hacke, leike, mekke, bygge, lære, og ikkje minst ha det gøy med elektronikk! Det er konseptet Kids Hack Day som spreiar seg og som no har fått studentar ved ifi til å delta som teknisk ansvarlege ved arrangementer. Inspirert av hackeerbeveginga, samt eit ønske om å gje born kjennskap og kunnskap om teknologien som stadig tek opp større del av kvardagen vår er det allereie arrangert Kids Hack Day i meir enn 10 land i verda.

kids hack day 2

Mulegheitane står i kø for kva som går ann å få til i dag, men gjennom den vanlege skulekvardagen kjem ikkje born i kontakt med samfunnets teknologiske nyvinningar. Det er i større grad enn tidlegare rom for kreativitet og å utfordre seg sjølv, men teknologien manglar. Difor ynskjer vi å introdusere dette på ein morrosam, og inspirerande måte, slik at dei tidleare får starte eit liv som hacker! Tenk berre på kor mykje rart du sjølv fann opp og laga då du var liten og så forestill deg det same berre med motorar, sensorar, LEDs og mykje meir!

 

Den 11. oktober gjekk Kids Hack Day for første gong av stabelen i Oslo! Det blei ein stor suksess noko som betyr at det er tid for å gjere det enno betre! Det er to noverande og ein tidlegare ifi student hittil har stått for den tekniske biten av opplegget. Ikkje berre har det vore morro for borna, men studentane har og kosa seg med hacking, testing og leiking med diverse komponentar, slik som avstandsmålar, servoar, leds, MaKey MaKey, Arduino, og mykje meir. For det er jo klart at studentar må kunne dette ordentleg før borna går i gang.

kids hack day 3

Om du syns dette verkar kult, så finn du Kids Hack Day Oslo på facebook, det er berre å ta kontakt!