Kategoriarkiv: Astronomi



Reiseguide til ismånane

Ole-Christian Schmidt Hagenes
Ole-Christian Schmidt Hagenes
Journalist

19. april 2015
Astronomi

For dei som tykkjer at Alpene er for nærme og sørpolen ikkje er
eksotisk nok for ein påskeferie så finnest det no heldigvis
alternativ, nemlig ismånane i det ytre solsystemet. Vi byrjar
nærmast med månene rundt Jupiter. Reisetida er berre omlag 2år og
det er fleire attraksjonar å velje i.

Europa er den minste galileiske månen og er eit av dei jamnaste
objekta i solsystemet. Altså lite å by på for de som likar
fjellklatring eller slalom. Derimot er det endelause sletter som
ikkje eingong Nansen eller Amundsen har drøymt om å kryssa.
Problemet med overflateaktivitetar er strålinga frå Jupiter, uten
tunge verneklede overleverer man knapt ein dag. Heldigvis har
Europa eit hav under overflaten av is som man kan dykke i.
Snorkling etter krabbe blir nok ein utfordring da det er nærare
100km djupt. Men ingen veit kva som er å finne på botn. Kanskje
kjem du til å vere den første til å ete utanomjordisk sjømat?

Neste stopp rundt Jupiter er Ganymede, den største månen i
solsystemet. Ganymede har er bygd opp lagvis med is/vann med
omtrent 800km til botn. Her kan du få oppleve fleire hav på samme
dykketur. Overflata byr dessverre på få moglegheiter for
aktivitetar som ein nordmann vil forbinde med påskeferie, men vi
kan by på «Sci-Fi» rundtur. Du får blant anna sjå Ganymede City,
frå Arthur C. Clarke’s «3001: The Final Odyssey», og gården til
Bill i Robert A. Heinlein’s «Farmer in the sky».

Siste stopp på turen til Jupiter er Callisto. Her er heldigvis
strålinga ein god del lågare enn på dei andre galileiske månane.
Dette gjer at det er gode moglegheiter for guida krater-safari.
Ganymede har høgaste kratertettleik i solsystemet, så utsiktene
til ein spennande tur er til stades. Det er også eit hav under
overflata, men siden moglegheita for liv er større på Europa
anbefaler vi heller å dykke der.

Saturn er ein lengre reise på omlag 3.5 år, men til gjengjeld har
den litt av kvart å by på. Titan har ein atmosfære omlag 50%
tjukkare enn jorda, men berre 14% av tyngdekrafta, noko som
mogliggjer flyging med muskelkraft. Du kan velje mellom hang
glider der du bruke store «symjeføter» for å få fart eller eit
pedaldrevet fly. Titan har også fleire fjellkjedar med gode
moglegheitar for metan-snø. Diverre er det ingen skiheisar her
endå, men kanskje du blir den første til å kjøre slalom i
metan-pudder? Når du har slitt deg ut på ski, og vil slappe av
litt med å symje så, har Titan fleire store innsjøar å by på. Vi
anbefaler våtdrakt av tjukk type da innsjøane består av flytande
metan på omlag -190C.

Sydpolen av Enceladus kan by på geysirar som sprutar is, ein
solid paraply er påkravd då utfloda er på opptil 100kg/s. Det er
og gode moglegheiter for bre-vandring på Enceladus, men sjå opp
for sprekkar. Dei kan bli over 100km lange. Sidan Enceladus sin
omkrins berre er omlag 1500km og det ikkje er noko hav på
overflata som kan stoppa deg, har du gode moglegheiter til å bli
den første som har kryssa heile omkrinsen til eit himmellekam på
ski.

Kva er vel ein tur til ismånane utan krater? Iapetus har fleire
store krater, det største, Turgis, er heile 580km i diameter.
Kanten på krateret er ein forkasting som er opptil 15km høg. Den
beste utsikta over krateret er frå kanten i sør. Det er også
fleire andre store krater i nærleiken, som Malprimis, 377km i
diameter, og Falsaron på 424km. Det mest spektakulære krateret i
heile solsystemet kan nok Mimas by på. Sett frå rett vinkel ser
Mimas ut som «the Death Star» frå Star Wars grunna storleiken til
krateret i forhold til månen.

Uranus har ei reisetid på minst 7år, men om høge fjell er ditt
interessefelt er det vel verdt turen. Miranda har ein av dei
meste varierte topografiane i solsystemet. Blant anna den høgaste
klippeveggen i solsystemet, Verona Rupes, som er heile 20km høg.
Her ligg alt til rette for skrytebilete som er vanskeleg å slå i
dette solsystemet. Sidan Miranda berre har ein omkrins på omlag
1500km, kjem du til å gå tom for fjelltopper og daler. Då kan du
bytte til Titania. Toppene er nok ikkje like høge, men det er
nokon lange canyonar med bratte sider å velje i. Den lengste er
Messina Chasma, som går frå ekvator og nesten heilt til sydpolen.
Veggene er mellom 2 og 5 km høg, så det er nok å henge isøksene i
her og. Dessverre er lite vi veit om moglegheita for hav under
overflata til Titania då vi ikkje har besøkt Uranus sidan 1986.
Ta gjerne med dykk isbor og pilkestang og rapporter tilbake
eventuelle funn.

Ein siste åtvaring før du booker plass på neste rakett. Det er
særs dårleg mobildekning utover i solsystemet, så Instagram og
Facebook må vente til du har returnert. Lykke til og god reise.