Motorsport på studentbudsjett

Ole-Christian Schmidt Hagenes
Journalist

18. januar 2016
Spill

Motorsport er, som dei fleste kanskje veit, ein av dei dyrare
hobbyane ein kan drive med. Når ein så sluttar i fulltidsarbeid,
for å byrje å studere, må ein sjå seg om etter alternativ.

Alternativet eg valde var å flytte motorsporten over til pcen.
Ratt og pedalar til pc får ein frå ein tusenlapp og oppover. Du
trenger og ein pc som kan kjøre dei fleste nyare spel. Alt dette
burde være innanfor dei økonomiske rammene til dei fleste
studentar. Det finnes fleire plattformer for å kappast over
internett.

iRacing er ein abonnementsbasert online liga, som tilbyr servere
å spele på, samt eit organ som overser konkurransane. Dei har
samarbeid med fleire av dei største racingseriane i verda, slik
at du kan køyre dei same bilane som du har sett på tv.

Alle vanlege ligaer følgjer ein 12 vekers sesong, der ein får
vekespoeng. Det er inga øvre grense på kor mange løp ein kan
delta på i løpet av ei veka, men vekespoenga utreknast som eit
gjennomsnitt av dei 25% beste løpa dine. Det konkurrerast på seks
forskjellige nivå. Det lågaste er kalla «Rookie», øvste er kalla
«Pro», og i mellom ligg D til A. Ein byrjar, som namnet tilseier,
i «Rookie» klassen, og etter å ha fullført minst to løp i løpet
av ein 12 vekers sesong, får ein D-lisens.

rFactor2 er den racingsimulatoren med best fysikkmotor på
markedet i skrivande stund. Mange racing-team bruker rFactor2
både til å gjere seg kjend med baner, men og til å prøve ut
forskjellige oppsett på bilane, sidan rFactor2 har større
mogelegheit til å justere på oppsett av bilane enn konkurrentane.
Hovudfokuset er på modifisering, og det finnes store mengder av
ekstra bilar og baner å laste ned.

Produsenten av rFactor, i motsetnad til iRacing, står ikkje for
organisering av online ligaer. Det er likevel eit stort utvalg av
ligaer. Nokon følgjer ein serie i røynleg tid, dvs. at ein sesong
varar eit heilt år og det er bestemte tidspunkt i løpet av ei
helg at løpet går.

Dirt Rally er for dei som tykkjer at asfalt og avkøyringssoner
vert for keisamt. Denne er for tida ute som «early access» på
steam, men er absolutt å anbefale. Foreløpig er det litt begrensa
med etappar og bilar, men det kjem månedlige oppdateringer under
heile «early access» perioden, samt at utgjevaren, Codemasters,
legg ut oppdateringar på nett kvar veke. Det er tre
konkurranserformar, rally, bakkeløp og rallycross. Online delen
av rally og bakkeløp er i god rallyånd, «asynkron», dvs at du har
eit sett med etappar som skal fullførast innan eit gitt
tidspunkt. Det er forskjellig totalt antall etappar etter kor
lang tid ein sesong er. Foreløpig er den lengste på ein månad. I
Rallycross kan ein enter konkurrera på tid med å køyre mot AI,
eller invitere vener til PvP. Hittil har Richard Burns Rally, som
kom ut i 2005 vært «kongen på haugen» blant rally-simulatorene,
men no ser det ut til at Dirt Rally vipper den av pinnen

Etter timevis med kappkøyring trenger ein litt avslapping, og då
passer Euro Truck Simulator 2 heilt perfekt. Kven drøymde ikkje
om å køyra lastebil som liten? No kan du leve ut draumen i din
eigen heim. Alle europeiske lastebilprodusentar er med, så det
burde ikkje vere noko problem å finne din favoritt. Mesteparten
av sentral-Europa er dekka, og det finnes tilleggspakkar for
Skandinavia og aust-Europa. Hovudoppgåvene er, ikkje uventa, å
transportere last. Etterkvart vert avstandene større og lasta
meir skjør. Offisielt er det ikkje noko online multiplayer
støtte, men det eksisterer uoffisielle tilleggspakker.

No kan kanskje iRacing og rFactor2 virke veldig like, men
hovudforskjellen ligg i at iRacing fangar følinga av å måtte
prestere på «løpsdagen», mens rFactor2 imøtekjem den som stiller
høg krav til teknisk simulering. rFactor2 har også ein
offline-del som ikkje rammast av manglande abonnement.