Tilfeldige oppdagingar

Ole-Christian Schmidt Hagenes
Journalist

15. september 2015
Farmasi

På slutten av femtenhundretalet forsøkte Christopher Columbus å
få den portugisiske kongen til å finansiera utforskinga av den
vestlege ruta til Asia. Sidan Portugal akkurat hadde gjennomførd
ein vellukka ferd rundt sørspissen av Afrika, så var ikkje kongen
særleg interessert i å nytte pengar på ei ukjend og mogeleg
farefull ferd. Neste stopp for Columbus var det nyleg foreina
Spania. I byrjinga fekk han avslag også frå Spania, men etter
fleire år med lobbyverksemd og forhandlingar, fekk han
gjennomslag i januar 1492. I september sat han segl vestover frå
Kanariøyene. Fem veker seinare nådde dei land, på det som
Columbus trudde var Aust-Asia, men eigentlig var ei av øyane i
Bahamas. Grunnen til at Columbus trudde han fant Aust-Asia var
kluss med måleeiningar. Columbus hadde lært at ein lengdegrad ved
ekvator var 56⅔ mil lang. Det han derimot ikkje hadde lært var at
det var arabiske mil, og ikkje den kortare romerske mil. Den
førte til at Columbus rekna feil med omlag 10,000km på
jordomkrinsen. Så der han forventa å finna Aust-Asia var det
tilfeldigvis eit heilt anna kontinent, som idag heiter Amerika.

Som med mange andre oppdagingar, stammar og mikrobølgjeomnen
frå andre verdskrig. Britane hadde utvikla ein høgenergi
mikrobølgjegenerator til bruk i radar. Denne vart tilbydt USA i
bytte mot finansiell og industriell støtte. Under testing av
mikrobølgjegeneratoren i 1945 oppdaga Percy Spencer, at ein
sjokolade han tilfeldigvis hadde i lomma hadde smelta. Det første
som Spencer bevisst kokte med mikrobølgjer var popcorn.

I 1879 jobba Constantin Fahlberg på John Hopkins University med
kulltjærederivater. Under ein middag, oppdaga han at alt hadde
byrja smake søtt. Han hadde bokstavleg talt tatt med seg litt av
arbeidet heim, i form av å gløyme å vaske henda. Han skunda seg
tilbake til laboratoriet, og byrja å smake på alt på
arbeidsbenken. Alle glas, beger, og skålene han hadde brukt den
dagen vart smakt på, heilt til han fant kjelda til søtsmaken.
Tilfeldigheiter hadde ført til oppdaginga av det første kunstige
søtingsstoffet, seinare kjend under namnet Sakkarin.

På 60-talet jobba Spencer Silver hjå 3M med å utvikla sterkare
lim, men enda i staden opp med å laga eit svakt lim som behaldt
klebeevna. Han hadde funne ei løysing utan eit problem, og
arrangerte i fleire år foredrag og seminar internt i 3M utan at
nokon hadde eit problem til løysingen hans. Problemet dukka opp i
1974, i form av ein annen 3M forskar, Art Fry. Art song i det
lokale kyrkjekoret, og irriterte seg over at bokmerka frå
onsdagsøvingane ramla ut av salmeboka på søndagen. Saman
utvikla dei det vi idag kjenner som post-it.

Richard James var ingeniør i den amerikanske marinen under andre
verdskrig og jobba med å utvikla fjører for stabilisering av
instrumenter ombord på skip. I 1943 velta han ved ei
tilfeldigheit ei fjør ned frå ei hylla og oppdaga at fjøra tok “
steg” ned frå hylla, via ein stabel med bøker, ned på pulten før
den landa på golvet og vart ståande. James eksperimenterte med
fleire typar stål og testa dei ut på naboungane. Etter omlag eit
år hadde han funnet den perfekte oppskrifta og trappetrollet var
fødd. Første parti på 400 trappetroll vart seld på under 90
minutt, og suksess var eit faktum.

Penicillium notatum (Wikimedia)

Penicillium notatum (Wikimedia)

Ingen artikkel om tilfeldige oppdagingar er vel komplett utan
historia om Penicillin. Då Alexander Flemming sorterte
petriskålane sin i september 1928 oppdaga han noko rart. I ei
petriskål med stafylokokkar oppdaga han ei forureining. Det vaks
mugg i den, og rundt muggen såg det ut til at stafylokokkane var
drepne. Flemming sin hypotese var at noko i muggen hadde drepe
bakteriane. Flemming brukte fleire veker på å gro nok av muggen
til å bevise at den hadde antibakterielle evnar. Diverre var
ikkje Flemming ein god kjemikar, han var utdanna bakteriolog, og
hadde dermed ikkje mogelegheit til å effektivt isolere dei
antibakterielle komponentane i muggen. Han kom opp med namnet
Penicillin frå namnet på soppen, Penicillium chrysogenum, som
danna muggen. Diverre var Flemming ein dårleg formidlar av
forskinga si, så det var få som la merke til den før i 1938. Då kom
Dr. Howard Florey over ein av artiklane til Flemming. Det var
Florey i lag med kollega Sir Ernst Boris Chain, som utførte dei
første testane av Penicillin på menneske. Flemming, Florey og
Chain fekk Nobelprisen i medisin i 1945 for oppdaging av
Penicillin.