Citizen science

Ole-Christian Schmidt Hagenes
Journalist

27. august 2015
Miljø

«Citizen science» er ein samlebenevning for forskingsprosjekt
som ber om hjelp frå den allmenne befolkninga. Grunnen til at du blir beden om
å hjelpa til er ofte at akademia rett og slett ikkje har alle resursane som
trengst for å «bite over» prosjektet. Enten i form av at det er samla inn enorme
mengd med data, eller at man ynskjer å vere til stades og utføre observasjonar
over heile Noreg samtidig. I denne artikkelen skal eg gå
igjennom eit par slike prosjekt som det kan tenkast at Husbjørnens lesarar kan ha
interesse av hjelpa til på.

artsobservasjoner.no er ein registreringsteneste for observasjonar av dyr og
vekstar. Tenesta er delt inn i seks undergrupper. Fuglar, småkryp, virveldyr,
vekstar, fisk og store rovdyr. Her er det gode moglegheiter for å kombinere
turane i marka med vitskap, men du treng ikkje gå langt ut i skogen for å finne
noko å registrere. Når hørte du første gjøken i år, og når kom de første grøne
knoppene på bjørka utanfor studenthybelen din. All Dataa som samlast inn skal
vere fritt tilgjenge, men du som innsamlar beheld eigarskapen til sjølve
registreringa.

Om du har meir lyst til å følgje individuelle fuglar kan du gjøre det ved å
registrere ringmerket fugl på ringmerking.no. Fuglane er merket med ein farget
plastring på eine foten, og ofte med ein ekstra metallring. Plastringen er
laga for å vere lett å lese på avstand, til dømes med kikkert. På nettsida har
du moglegheit til å sjekke kvar fuglen du har observert har våre observert før.
Tar måsane på Aker brygge sommarferie, og isåfall kvar? Dette er berre eit av
spørsmåla du ikkje visste du hadde om fuglar før du begynner å følgje med.

Eksempel på ringmerket fugl. (Andreas Trepte, www.photo-natur.de)

Eksempel på ringmerket fugl. (Andreas Trepte, www.photo-natur.de)

På citclops.eu skal du ut og registrera fargen på vatnet i nærleiken med ein app
på telefonen din. Du skal ta eit bilete, jamføre fargen og gje litt info om vêret.
Viss du har ein secchi disk (sjå bilete), så kan man også måle kor gjennomskinleg
vatnet er. Kvifor er det viktig å måle fargen og kor gjennomskinleg vatnet er
undrar du kanskje på? Det er rett og slett på grunn av at fargen på verdas hav
er eit av dei klimadataene vi har som går lengst tilbake i tid. Gjennomskinnet i
vatnet avslører kor mykje forureining det inneheld. Kombinert med fargen kan
man avgjere om det skyldast til døme algeoppbloming eller utslepp.

Secchi skive brukt til å måle kor gjennomskinleg ferskvatn er. (J. Albert Bowden II)

Secchi skive brukt til å måle kor gjennomskinleg ferskvatn er. (J. Albert Bowden II)

Viss du mot formodning ikkje skulle ha tid til å «reise i felt» og må lese til
eksamen så er det fleire prosjekt der alt du treng er ei datamaskin og
litt tid. Perfekt som ein 10 minutts pause. Vi begynner med
verdsrommet for dykk med ein liten astronom i magen.

På CosmoQuest.org hjelper du astronomar
med å markere krater på blant anna Mars, Merkur og Månen. Alt er nettbasert og
dei har gode instruksjonar for korleis man kjenner igjen forskjellege typar
geologiske formasjonar. Kratertettleik og -storleik er ein mykje brukt måleeining
for alder på geologi på overflata til objekta i solsystemet. Ein av hovudgrunnane
for å manuelt merke krater på bilete er rett og slett for å «kalibrere»
programvaren som leiter etter krater i bileta. Dette er eit aktivt prosjekt
med aktive forskarar bak. Berre i 2014 vart det produsert over 10 vitskaplege
artiklar med basis i cosmoquest.org.

Milkywayproject.org går ut på å kartleggje galaksen vår. Spitzer teleskopet har
tatt fleire bilete enn astronomane rekk å klassifisere sjølv. Dei treg derfor
hjelp av deg til å finne dei verkeleg interessante bileta. Du skal merke av kva
bileta inneheld, til dømes galaksar, stjernehop eller såkalla «bobler». Det er
blant anna kva desse «boblene» har med stjerneformasjon å gjere som milkywayproject
ynskjer å finne ut av. Den nyaste publikasjonen frå dataa til milkywayproject
er frå februar i år, så her er det gode moglegheiter at du «er med» på ein
publikasjon.

Spizter teleskopet (NASA/JPL-Caltech/R. Hurt (SSC) )

Spizter teleskopet (NASA/JPL-Caltech/R. Hurt (SSC) )

Viss verdsrommet ikkje er noko for deg, eller du rett og slett har lyst å sjå
på noko anna enn stjerner og planetar, så kan du heller dykka ned i havet på
planktonportal.org. Vi veit rett og slett for lite om kva klimaendringane har å
sei for det mikroskopiske dyrelivet i havet. Derfor er det viktig å byggje opp
ein database over kva plankton som lever på kva djupner og til dømes kva
temperaturen og CO2-nivået er der dei lever. Det er her du kjem inn og skal
registrere art, storleik og retning planktonet på bileta har. Samstundes som
du hjelper med at vi lærer meir om verdshava våre så lærer du også om mangfaldet
til planktonet i verdshava.

På penguinwatch.org kan du følgje livet til fleire pingvinkoloniar i Antarktis
samstundes som du hjelp til med å bygge opp datagrunnlag for å forstår kva
om endringar i pingvinkoloniane kan koplast mot klimaendringar eller menneskeleg
aktivitet. Sidan pingvinane er dei øvste predatorane i deler av Sørishavet, er
endringar i bestanden eller handlingsmønster regnet som indikator for endring
i økosystemet. Sidan klimaet i Antarktis er ugjestmildt for menneske har forskarane
installert kamera for å følgje pingvinkoloniane over tid. Blant anna ynskjer
forskarane å finne ut om tida når pingvinane ankommer, parer seg og egga klekkas
endrar seg. Andre viktige datapunkt er overlevelsesrate i redet jamført andre
lokasjoner, og om det er menneskeleg aktivitet, til dømes fiskeri, som kan
vere grunnen til variasjonen.

Viss merking av objekt på bilete ikkje appellerer til deg, finnast det
heldigvis andre alternativ.

På oldweather.org skal du hjelpe til med å digitalisere gamle loggbøker frå skip.
Dei historiske datasetta for vêret er full i manglar. Heldigvis kan mange av
manglane fyllast inn ved hjelp av data frå loggbøkene til gamle skip. Handskrift
er menneske framleis mykje betre til å lese enn datamaskiner, og det er her du
kjem inn. Du får vere med på ein reise tilbake i tid mens du digitaliserer. Reisa
begynner gjerne i Southampton i 1810, nedover langs Afrika før du til slutt ender
opp i det Indiske hav og fyller skipet med krydder, og heile vegen har du notert
info om vind, temperatur, lufttrykk og bølgehøgde. Er det sjørøvare på lur eller
kanskje det blåser opp til storm? Det venter eit nytt eventyr på kvar side.

Dersom du ikkje har funnet eit prosjekt du synst passer for deg men du har framleis
lyst å hjelpe til kan du sjekke ut zooniverse.org som er ei samleside for mange
citizen science prosjekter. Det som er presentert her er berre eit lite utval av
det som er tilgjengelig. Om du har lyst å hjelpe til, men følar at du ikkje har
tid å sette av, så kan du låne litt av prosessorkrafta til datamaskinen eller
mobiltelefonen din via boinc.berkeley.edu. Boinc er eit distribuert data-nettverk
med regnekraft som kan jamførast med verda topp 10 raskaste datamaskiner. Her kan
du hjelpe til med å finne løysingar på alt frå om det finnes intelligent liv i
verdsrommet til korleis protein kan brettes for å potensielt løyse kreftgåta.

Lykke til.