Teen er innkjøpt, bordet er rydda, og om få dagar tek årets klimatoppmøtet til! Forhandlarar med mykje kunnskap, mykje pågangsmot og litt lite makt skal innta forhandlingslokala i Paris. Eg skal innta sofaen med laptop, headset og te. FNs klimaforhandlingar blir faktisk streama! Det betyr at du, eg og alle andre har moglegheit til å få med oss det som skjer når vår felles framtid blir forhandla om.
At ein kan følgje med på nettet er sjølvsagt noko eg har fortald vener og kjente! På denne måten sikrar eg for det første at alle kan innta eigne sofaar og suge til seg den viktige storhendinga, og for det andre at alle har forståing for kvifor eg blir vanskeligare enn vanleg å få tak i når desember tek til. Ein kunne jo elles tru det var eksamen som gjorde meg usosial.
Det er ikkje berre slik at det er forhandlarar som deltek på desse møta. I 2011 og 2012 var eg der. ”Du?” tenkjer du kanskje no, og ja, eg stilte opp på COP16 i Sør Afrika i 2011 og COP17 i Qatar i 2012. Der var eg som sivilsamfunnsrepresentant på vegne av ein ungdomsorganisasjon. ”Sivilsamfunns-kva-for-noko?” Ja, altså ein person som representerar oss som er sivile vanlege folk. Slik som du, venene dine, foreldra dine og så vidare, vi er ikkje militære og vi er heller ikkje bedrifter. Det er sivilsamfunnsrepresentantar frå heile verda til stades på slike forhandlingar. Dei har tilgang til delar av forhandlingane og mange tilstellingar som hender samstundes som COP-en finn stad.
”Kvifor i all verda?” vel, for å ta eit konkret døme, så var det i 2010 (stemmer, eg var ikkje med då, men det er lett å forklare) forhandlingar om eit forhandlingsspor som omfatta ungdomsdeltaking, utdanning og kapasitetsbygging. Forhandlarane kom ingen veg. Til slutt sat ungdomar frå sivilsamfunnet seg ned og skreiv eit konkret tekstleg forslag. Det blei levert inn og med små endringar blei det vedteke som del av FNs arbeid. Du finn det i dag som artikkel 6 under konvensjonen. ”Konvensjon?” ja, la oss ta nokre omgrep:
UNFCCC = ’United Nations Framework Convention on Climate Change’ altså ein FN konvensjon, som vart laga i 1992 der målet er å stabilisere klimagassar på eit nivå som hindrar farlege endringar i klimaet på jorda.
COP = ’Conference Of the Parties’ er ein årleg konferanse der partane, (altså nasjonane) møtes for å sjekke tilstanden på konvensjonen dei vart samde om i 1992. Det står ofte eit tal bak COP, dette viser berre kva nummer i rekkamøtet er. I år vil det stå COP21.
INDCs = ’Intended Nationally Determined Contributions’ er bidrag som kvar part (nasjon) har sendt inn i forkant av klimatoppmøtet. Bidraga består i hovudsak av to delar. For det første kor mykje dei sjølv ønskjer å redusere sine klimagassutslepp. For det andre korleis dei skal førebu seg på dei klimaendringane som allereie er starta.
I Paris i år er det altså den 21 konferansen mellom partane. Noreg sendte inn sine INDCs allereie den 28. mars i år. Det som er spannande i år er å sjå i kva grad bidraga som partane har meldt inn gjer om verda går mot 2 grader, slik som målet er. At eg sitt og streamar forhandlingar på fritida mi er kanskje ei litt sær interesse, men det er absolutt verd det! Ikkje berre får ein innsyn i kva som skjer, men ein har moglegheit til å påverke. Ettersom representantar frå sivilsamfunnet er tilstades, kan ein nå desse og gjere dei oppmerksam på kva som skjer i spesifikke forhandlingar dersom ein oppdagar noko som er feil eller rart. Deretter kan desse ta det opp med forhandlarar og sjekke ståa, eller ein kan informere journalistar eller liknande for å skape merksemd. Tenk på det medan du les til eksamen i byrjinga av desember, du kan samstundes vere med å forme framtida til verda litt! Start streaminga!