Demoscene

Ole-Christian Schmidt Hagenes
Journalist

14. november 2014
Teknologi

Kva er eigentlig demoscenen? Kva får personer til å bruke heile
påsken til å kode? Noko av dette skal eg prøve å forklare. Men
først må vi kanskje forklare kva ein demo er for noko? Kort
forklart er ein demo eit dataprogram som kjører i “real-time” med
einaste hensikt å produsere grafikk og vanlegvis musikk.

elevated 4K

foto – rgba og TBC

Historien

Demoscenen har sine røter i introene til piratkopiert programvare
på 8-bits maskiner, til dømes Commodore 64 og Atari 800. Dei
første introene, gjerne kalla cracktro, var stort sett bare eit
skjermbilete med namnet på gruppa som fjerna kopisperra. Desse
utvikla seg til å innehalde musikk og grafikk. Etter kvart byrja
grupper å gi ut introer uten at den hørte til noe piratkopiert
programvare. Piratkopieringsmiljøet var veldig
konkurranseorientert, og dette behaldt demoscenen.
Konkuranseaspektet flytta seg frå å vere først til å fjerne
kopieringssperra på programvare til å demonstrere teknisk og
artistisk ferdighet. På slutten av 80-tallet var det liten
variasjon mellom maskiner på same plattform, så mykje av
konkurransen gjekk ut på å få mest mogeleg ut av maskinvara, til
dømes flest flest mulig objekt på skjermen samstundes. Etter
kvart som maskinvare vart kraftigare og meir variert endra
konkurranseaspektet seg meir mot det artistiske. Å sette ny
rekord i antall objekt var ikkje lenger nok til å vinne
konkurransen, den måtte også innehalde musikk og grafikk av høg
kvalitet.

Konkurransar

Etter kvart vart det vanleg å skille mellom intro og demo. Ein
intro er stort sett begrensa i storleik til anten 4 eller
64Kbyte. Intro-sjangeren har beholdt mykje av dei tekniske
konkuranse-elementa pga den begrensa storleiken, men også her er
det etter kvart blitt større fokus på design og heilhetlig
inntrykk. Det er fortsatt aktivitet på ein del eldre plattformer,
på dei fleste demoparties er det anten egen kategori for Amiga
eller ein kategori kalla “oldskool” som også inkluderer ting som
C64 og Atari ZX og DOS. Den klart største kategorien for tida er
demoer kodet for windows.

Det er også ganske vanlig med såkalla “fast” konkurransar, der
tema og designelement, til dømes lyder som skal brukes i
musikken, først blir gjort kjent i byrjinga av partiet. Dei
fleste demoer er laga av fleire person ilag, siden det er ganske
uvanlig at ein person er god til alt som trengs for å laga ein
demo av høg kvalitet. Kategoriane musikk og grafikk er derimot
ofte regna som individuelle.

Demoparties

Dei aller fleste demoparties er mindre tilstellninger, som stort
sett går over ei helg, tiltenkt lokale deltakere. Det finnes eit
par parties som tiltrekk seg internasjonal merksemd. Det største
er av desse er Revision som blir arrangert kvar påske i Tyskland.
Det å vinne ein compo på Revision er noko av det største man kan
vinne innan demoscenen, litt flåsete kan det kallast VM i
demoscene. I Noreg er det nok The Gathering flest har hørt om,
men dette er ikkje eit reint demoparty. Sjølv om de arrangerer
demo-compoer, så er det nok for game-compoene det er mest kjent.
De to reine demopartiene i Noreg er Solskogen som blir arrangert
i juli kvart år og Kindergarden som blir arrangert i November.
Kindergarden kan skilte med å vere verdas eldste demoparty som
framleis arrangeres.

Nettsider

Den største nettsiden innan demoscene er http://pouet.net. Her
blir alle nye demoer lagt ut, stort sett med link til youtube,
slik at du slepper å kjøre demoen sjølv. Her er det også forum,
nyheter og liste og kommande demopartys. Dersom du er meir
interessert i musikken så finnes http://scenemusic.net. For
grafikk finnes http://artcity.bitfellas.org/. Visst du vil sjå de
gamle cracktroene fra 80-tallet så har vi http://cracktros.org.
For å snakke med folk i miljøet så finnes det ein IRC kanal på
EFNet med navn #scene.no.